Ein nordlenning var på ein kafe i Oslo og overhøyrde følgjande frå eit forelska par: ”Mette, jeg er så forelsket i deg at når jeg ser på deg så klarer jeg nesten ikke å ta til meg føde”. Nordlenningen syntes at det der var nokre fine ord som han skulle overføra på kona når han kom heim igjen. Då dei satt i kjøkkenkroken og kosa seg med ein kopp kaffe, så utbraut han: ”Marta, når æ ser på dæ, så mest æ reint matløsta!”